Folk har alltid vandra. Migrasjon har møtt motstand - og migrasjon har skapt utvikling og vekst. Noreg er eit av dei landa som har hatt svært stor utvanding, og i dag lever fleire menneskje med norsk avstamming i USA enn i Noreg.
I våre dagar opplever verda nye migrasjonsbylgjer: Mange fleire enn før har ressursar til å vandra på leit etter eit betre liv. Og mange fleir einn før har kunnskapene og kontaktane som skal tril for å røme unna krig og undertrykking.
Memoarprosjektet Migrasjon skal samla forteljingar om levd liv og migrasjon.
Den 30. januar 2018 vert denne nettsida lansert under eit ope møte i regi av Innvandrarrådet, Fylkesbiblioteket og Bergen offentlege Bibliotek sitt prosjekt "Rom for møter".
5 av dei som alt har delt sine migrasjonsforteljingar gjennom Memoar, stiller for å samtala om sine historier. Dei fem er:
Ratan Kumar Samadder frå Bangladesh, Chiku Ali frå Tanzania, Semir Mujkic frå Jugoslavia, Kim Nga Dao Bratland frå Vietnam og Gunda Karklina frå Latvia.
Me skal snakka litt om barndom og ungdom, litt om årsakane til at dei vandra ut - og litt om korleis det er å vandra inn til Noreg.
Rom for møter er et samarbeidsprosjekt mellom Bergen Offentlige Bibliotek, Hordaland fylkesbibliotek og Det felles innvandrerråd i Hordaland. Prosjektet er støttet av Gjensidigestiftelsen. Prosjektet omfatter aktiviteter som blir sosiale møteplasser i lokalsamfunnene der norske og minoritetsspråklige kan møtes på en likeverdig måte rundt felles interesser i tilknytning til folkebibliotekene. Vi vil styrke samarbeidet mellom folkebibliotekene og ulike frivillige organisasjoner i lokalsamfunnene. Prosjektet har fokus på språkforståelse og digital kompetanse da dette er hovednøkler til økt deltakelse og inkludering i det norske samfunnet. Memoar si rolle i samarbeidet er å gjera ein serie intervjuopptak, dokumentera og formidla dei - og å gjennomføra eit såkalla forteljarpanel med nokre av dei som har blitt intervjua. Fyrste slike møte vert tysdag 30. januar i Auditoriet i Bergen offentlige Bibliotek. Samtlen vil bli leia av Bjørn Enes, som vil be kvar einskild fortelja saker om:
Og til slutt kanskje nokre refleksjonar om framtida: Vert heile verda ein "smeltedigel"? |