Startside‎ > ‎

Invitasjon

Invitasjon til intervju

Memoar er ein organisasjon som arbeider for å ta vare på den munnlege historie til oss som lever no. Me gjer det gjennom å intervjua personar med særleg viktige og interessante livshistorier i eit intervjustudio på Bergen Offentlege Bibliotek (ved Bystasjonen). Normalt er me ein eller to intervjuarar. Intervjuet vert tatt opp på video.

Me har to formål med dette. For det fyrste ynskjer me at mange fleir enn «kjendisane» skal få fortelja historiane om sine liv og livserfaringar, og dela dei med folk i samtida. Me har alle mykje å læra av kvarandre, og dess fleire livshistorier me har høyrt, dess klokare blir me og dess mindre fordomar får me. Viss forteljaren vil, publiserar me derfor intervjuet eller utdrag av det på nettsida vår, www.Memoar.no

For det andre ynskjer me at folk i framtida skal få kjelder til å forstå korleis «vanlege folk» levde, tenkte og fortalde i vår tid. Kvart intervju vil derfor bli dokumentert og avlevert til offentleg arkiv.

Migrasjon

Reint praktisk lagar me samlingar av intervju rundt viktige tema. Dette brevet kjem frå ei gruppe som arbeider med å samla inn forteljingar om migrasjon. Eit av særtrekka ved vår tid er at mange fleire enn før bryt opp og flyttar til andre land og kulturar.

Me har lyst å intervjua deg om barndom og oppvekst, korleis det var å leva der du vaks opp, korleis tanken kom om å flytta, flyttereisa, møtet med den nye staden og kulturen og folket der, eventuelle nye flyttingar – og situasjonen i dag. Me ynskjer å spørja både om kvardagslege ting og spesielle hendingar, både om alvorlege tema og om humoristiske episodar. Me vil gjerne halda på i ein time eller to.

Intervjuspråk kan vera norsk eller engelsk. Seinare vil me prøva å finna løysingar også for andre språk.

Etterpå

Etter intervjuet vil me dokumentera det med ein tekst og ei stikkordsliste slik me har gjort med dei andre du ser på temanettsida Migrasjon.Memoar.no. Me publiserer det ikkje før du har sagt at det er greit å gjera det. Viss du ikkje ynskjer at det skal publiserast, blir det ikkje gjort. Men me vil svært gjerne at du seier ja til at det kan avleverast til offentleg arkiv.

Dersom du kan tenkja deg å bli med på dette, vil me gjerne at du ser gjennom det vedlagte forslaget til avtale om korleis opptaket skal kunne brukast. Send så ein epost eller ring eller send ei tekstmelding til Bjørn Enes på tlf 41516745. Me vil helst gjera opptaket på ein onsdag, men andre dagar er også mogleg.

Me gler oss til å møta det i studio!

Beste helsing frå Memoar, prosjektgruppe Migrasjon



Bjørn Enes  -   Liv Marit Dalen Goldstein



Ċ
Bjørn Enes,
24. mar. 2018, 00:11
Ċ
Bjørn Enes,
24. mar. 2018, 00:11
Comments