Vandrarane‎ > ‎Gunda Kārkliņa‎ > ‎

Riga januar 1991

Mellom 13 og 27. januar 1991 gjekk det føre seg dramatiske hendingar i Riga. Den sovjetiske armeen hadde fått i oppdrag å tvinga gjennom at Latvia skulle bli verande i Sovjetunionen. Ei av desse nettene skal det ha vore dei sovjetiske spesialstyrkane, Speznaz, som gjekk laus på byen. Ein innbyggar filma, sjølv om det stort sett var for mørkt til å få skikkelege bilete, gjer lydane på dette opptaket eit inntrykk av korleis det var.  Denne natta låg Gunda på fødeklinikken i Riga.

Comments