Vandrarane‎ > ‎

Ratan Kumar Samadder

lagt inn 19. jan. 2018, 04:21 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. jan. 2018, 01:00 ]
Ratan Kumar Samadder er fribyforfattar i Bergen  sidan sommaren 2015.  Han kjem frå ein landsby  heilt sør i Bangladesh, der foreldra hadde ein liten gard. Ratan var flink på skulen, og faren bygde opp ein fiskehandel for å skaffa pengar slik at han kunne gå vidare etter folkeskulen. 
Frå ungdomsskulen og oppover konkurrerer skulane i Bangladesh om fli
nke elevar. Han vart "headhunta" av ein lærar frå nabobygda . Læraren hadde mange bø
ker - og slik starta Ratan sitt litterære liv. 
Der var berre ein landbruksskule i distriktet, der fekk han utdanning innan skogbruk. Kort etter at han var frerdig, fekk han  sjanse til vidareutdanning innan økonomi slik at han kunne arbeida i bank. Slik lærte han å skriva på maskin/tastatur. 
Han kjem frå ein hindu-familie, men er ikkje-praktiserande, og sterk tilhengar av den sterke sekulære  tradisjonen i Bengal som var ei viktig drifkrafta bak lausrivinga frå Pakistan i 1972. 
Motsetningane mellem denne sekulære tradisjonen og politiske gruperingar som appellerer til den muslimske majoriteten i landet, har prega heile den nyare historia i Bangladesh. 
Banken fekk internett i 2007. Der såg han at folk skreiv om alt mogleg, og at mange hadde same meiningar som han sjølv. Det inspirerte han, og han tok til å skriva i 2008. Fyrst skreiv han ein roman på PCen i banken. I 2009 lånte han pengar og kjøpte sin eigen bærbare PC. Omtrent på same tid skjedde to viktige medierevolusjonari Bangfladesh: Det laga eit program som gjorde det mogleg å skriva på bengali på Internett. Og den fyrste fiberkabelen kom mellom Bangladesh og utlandet. Dermed vart internett vesentleg billegare, og talet på brukarar eksploderte. 
Natar tok til å skriva i to sekulære bloggar som fekk ein veldig popularitet. Det kom for alvor til uttrykk i 2013, då det vart store demonstrasjonar mot eit rettsoppgjer etter omfattande massakrar mot intellektuelle som fann stad i 1975. Den såkalla Shabag-rørsla (sjå underside med videoar) fekk ei veldig tilslutting. Dette skjera motsetningane til dei konservative. 
Akkurat korleis sambandet er mellom dei konservative politiske maktgrupperingane og dei såkalla jihadistane som tok til å angripa fortattarar, illustratrar og forleggarar er ikkje klart. Men desto klarare er resultata: I 2013 starta ein serie drap.  I 2015 vart det offentleggjort ei liste på 84 intellektuelle som skulle drepast. og angrepa heldt fram.  Natar var eit av namna på bloggen. 
"Ein dag såg eg ein framand mann på kafeen der eg åt frukost. Då tenkte eg: I sag er det min tur"
Frå vener fekk han høyra om nettverket av fribyar - ICORN. Han klarte å koma i kontakt gjennom epost, og då gfjekk det ganske fort.  
I fyrste del fortel han om barndom og oppvekst, utdanning, forfattarskapet, Shahbag-rørsla, drapsrekka - og flukta som førte han til Bergen.  

Intervjuopptaket vart gjort i Studfio 1, Bergen Bibliotek den 8. november 2017. Intervjuar var Bjørn Enes, han har også gjort dokumentasjonsarbeidet. Intervjuet er på engelsk, dokumentasjonen er på norsk. Litt av bankgrunnsmaterialet er også på bengali. 

(Passordet vert gjerna så snart natar har gitt klarsignal for det) 

Ratan Kumar Samadder:


00:00:00 https://vimeo.com/251794219
00:55:00 Eg vaks opp i ein landsby til eg var 14 år. Far var bonde
02:00:00 Bøndene i Banglades er småbrukarar, med ris og grønsaksproduksjon til eige forbruki
02:00:00 Me hadde fisk i ein liten dam i regntida. Me fanga dei med nett eller hand
05:05:00 Me planta i juni og hausta i november-desember
05:55:00 På landet brukte me den gamle bengalske kalenderen – Bangladeshi calendar
07:05:00 Landsbyen var stor, men med lite folk. Det har vore skule der sidan 1912
08:08:00 Den ligg i sør, i Barisal Division, nær havet. Alle syklonane kjem fyrst til oss
09:25:00 Vi hadde ingen bøker heime, bare skulebøkene
10:20:00 Men dei fortalde historier. Særleg bestefar
11:00:00 Då eg skulle opp i 9. klasse, måtte eg reisa heimefrå. Foreldra mine betalte
11:39:00 Ein lærar lette etter flinke elevar. Eg fekk bu hos han. Han hadde mange bøker.
13:10:00 Den fyrste bok eg las var oein roman om ein kommunist
14:05:00 Min familie er hinduar, ikkje main-stream hindu men ei bengalsk retning
15:05:00 Der er lokale variantar med mykje mystikk i alle religionar i Bangladesh – også Islam
17:40:00 Dei siste åra har det blitt vanskelegare å vera hindu i Bangladesh
19:50:00 Hinduarer ofte betre utdanna – ofte er lærarane hinduar også i muslimske landsbyar
21:40:00 Eg måtte flytta 10 km for å gå på skule. Eg var heime kvar 14. dag. Då måtte eg gå.
24:35:00 Det gjekk bra på skulen, og eg ville gjerne på universitet. Men far hadde ikkje råd.
26:10:00 Så begynte han å handla med fisk for å skaffa pengar
27:25:00 Då eg vart 16 og skulle på High Secondary School måtte eg endå lenger vekk
28:50:00 Eg måtte kryssa åtte elvar for å koma heim. Reisa tok rundt 6 timar.
31:04:00 Universitetet – eg studerte skogbruk på Patuakhali Agricultural College.
32:25:00 Det er mykje skog i Bangladesh, Sundarban - verdas største mangroveskog mellom anna.
33:46:00 Universitetet lå like ved verdas største mangroveskog.
34:16:00 Om bruken av mangrovetømmer – og verdien av Sundarban for økoturisme
36:50:00 Me har også verdas lengste strand
37:20:00 Etter utdanninga hadde eg nokre kortvarige jobbar i skogbruket -
38:07:00 - så tok eg økonomiutdanning og vart bankfunskjonær
38:50:00 Etter høgskulen har eg alltid budd i byar. Eg fekk bankjobb i Patuakhali

Seinare buddeeg i regionhovedstaden Barisal og i
39:45:00 Etter loven kan ingen arbeid meir enn tre år i same bank I Bangladesh
42:50:00 (Bjørn fortel at han har vore i Rashahi i Bangladesh)
44:40:00 Eg starta å skrive i 2008 – fyrst skreiv eg ein roman. Eg var pendlar og brukte fritida
45:15:00 I 2010 fekk eg høyra om internett. Eg såg at folk skreiv om alt mogleg der.
46:50:00 Kona mi var folkeskulelærar. Me kom frå same landsby. Ho måtte og reisa ut.
49:10:00 Me møttest igjen, og foreldra våre ga samtykke. Tradisjonane er endra nå, i byane.
50:25:00 Nå har me to born på 10 og 15 år.
50:55:00 Med gifta oss i studietida, men budde lenge kvar for oss.
54:01:00 Den fyrste fiberkabelen kom i 2010, men internett var veldig dyrt.
55:40:00 Nå har mange i byane internett på telefonen, takk vere GarmninPhone
57:20:00 Der var ikkje internett i banken får i 2007
58:45:00 I 2009 lånte eg pengar og kjøpte ein PC.
59:55:00 Eg hadde bengalsk tstatur på PC, og etter kvart kom Unicode også for nett.

Det bengalske alfabetet har 50 karakterar.

02:50:00 Eg lærteå skriva på maskin då eg begynte i banken, så overgangen til PC var enkelt.
04:40:00 Eg skreiv i ein community blog som vart etablert bl.a. av Arild Klokkerhaug
06:07:00 I 2010 skreiv eg ein blogg om hendingar under frigjeringskrigen (1972):

Korleis tenkte dei som støtta den pakistanske hæren sine drap på intelektuelle?

Eg skreiv og at sekularisme haddesterke tradisjonar i Bengal
08:50:00 Denne bloggposten vart veldig populær. Det likte ikkje dei radikale muslimane.
09:55:00 Eg skreiv om sekularisme, minoritetsspørsmål og religiøs undertrykking
11:25:00 «kompromiss» om sekulær stat samtidig med at islam skulle vera statsregiloion

Dei radikale får gjera kva dei vil - dei vert ikkje straffa av myndigheitene
14:10:00 Vi hartradisjon for at politiske leiarar brukar religionen til å få stemmer og makt.
15:30:00 I 1991 ble det ei koalisjonsregjering som starta islamisering av heilelandet
17:26:00 Det er nokre teikn på at regjeringa endrar praksis nå. Folket er ikkje radikalisert.
19:30:00 Det var grunnen til at bloggen vart så populær: Mange var samde
22:15:00 Vi skulle eigentleg skriva anonymt. Men dei fann ut kven me var som skreiv.
22:50:00 I februar 2013 vart ein hakka i hel med machete utanfor huset sitt i Dhaka

Han var sentral i store, sekulære demonstrasjonar den såkalla Shabag-rørsla
23:59:00 Månaden før angreip dei ein annan. Han overlevde pga eit skjerf, og bur no i Tyskland
24:50:00 Dei heitte Asif Mohiuddin og Ahmed Rajib Haider - begge var mine vener

Så laga dei ei liste med 84 bloggarar som skulle drepast. Eg var ein av dei.
26:20:00 Eg fortalde ikkje dette til kona. Vener fylgde meg heim om kveldane
28:30:00 I 2015 vart ein ny forfattar drepen då han kom frå USA til ei bokmesse i Dhaka

Han heitte Avlit Roy
29:25:00 Då fekk kona høyra at eg og sto å den lista. Om du blir drepen – kva med oss? Sa ho.
31:00:00 Kva skulle eg gjera? Eg måtte leva i skjul og få vener til å fylgja meg overalt

På jobben (banken) kunne eg ikkje møta nye, ukjende kunder
34:25:00 I mars vart ein ny bloggar drepen (Oyasiqur Rhaman)

i mai endå ein (Ananta Bijoy Dash)
35:40:00 Drapet i mai var det fyrste utanfor hovudstaden Dhaka.
36:40:00 Eg starta ein dagleg blogg: «Mens eg ventar på å bli drepen»
37:20:00 Ein morgon såg eg ein ukjend mann i ein kafe. Eg tenkte: «I dag vert eg drepen»
39:40:00 I oktober angreip dei to forleggarar: Faisal Arefin Dipan og Ahmed Rahim Tutul

Då hakka angriparane også dei som prøvde å hjelpa..
01:41:00 Seinare i 2015 og 2016 var der tilfelle av drap på religiøse minoritetar

Eg har hindu-bakgrunn
41:50:00 Vi veit ikkje sikkert kven som står bak drapa. Mordarane sjølve veit det heller ikkje .
43:50:00 Men i det siste har politiet vore meir aktive mot jihadistane.
45:30:00 Eg søkte om hjelp frå ICORN -International Network og Refugee Cities
45:49:00 Eg fekk god hjelp, både der og frå den norske ambassaden.
48:30:00 Me kom til Bergen etter ei kort tid i Oslo.
50:40:00 My goodness – her var kaldt! Men veldig vakkert
52:50:00 Sonen (12) var veldig lei seg for at me måtte flykta. Han hadde mange vener heime
53:50:00 Kona kom ein soldag i august. Ho var lykkeleg. Men så kom regnet...
01:57:19:00 SLUTT 
Comments