Semir vaks opp i Tuzla i det gamle Jugoslavia. Han tok utdanning som klassisk musikar. Frå slutten av 1980-talet vaks spenningane i Jugoslovia, og sjølv om det ikkje var sterke motsetningar lokalt i Tuzla, nådde borgarkrigen etter kvart fram der og. Semir og kona forsto at det var i ferd med å bera galt av stad, tok sonen (3år) og nokre få ting med seg og sette seg i bilen. Ikkje langt frå byen kom dei til ei militær vegsperring - der fekk dei høyra at krigen o var i full gang attom dei. Dei hadde ingen plan, ville berre vekk - og køyrde mot nord. Til sist havna dei i Noreg. Semir fortel om ein svært vanskeleg periode med djup depresjon som asylsøkar. Til slutt tok kona tak i han og sa at han måtte slutta å syrgja og koma seg i gang med eit nytt liv. Han fekk bli med på eit kurs om musikkterapi på Sandane i Sogn og Fjordane.
I dette intervjuet fortel han om ei lang historie der migrasjon og musikk er to vikgtige gjennomgangstema. I dag arbeider han som musikkterapeut med born og unge. "Mine eigne livserfaringar er en viktigaste ressursen eg har når eg møter unge menneske som har det vanskeleg" seier han.
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta time (h) minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
https://vimeo.com/246788639#t=1h17m14s)
|
|
|